Logo
🔍

Johannes’ åpenbaring 15 N78NN

« Songen for Lammet

1. Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.

2. Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3. og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet: Store og underfulle ¬er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne ¬er dine vegar, du konge over alle folkeslag.

Dei sju siste plagene

4. Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt åsyn, fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.

5. Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.

6. Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.

7. Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.

8. Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

»