Johannes’ åpenbaring 20 N78NN
1. Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje.
2. Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.
3. Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.
4. Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år.
5. Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda.
6. Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
7. Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt.
8. Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand.
9. Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.
Domen10. Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
11. Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.
12. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.
13. Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.
14. Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden.
15. Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.