Logo
🔍

Johannes’ åpenbaring 22 N78NN

« Livsens vatn og livsens tre

1. Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet.

2. Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.

3. Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han.

4. Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira.

Kom, Herre Jesus!

5. Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

6. Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda.

7. Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»

8. Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene på den engelen som hadde synt meg det; eg ville tilbe han.

9. Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og dine brør profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»

10. Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær.

11. Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging.

12. Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.

13. Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden.

14. Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

15. Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.

16. Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.»

17. Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

18. Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka;

19. og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.

20. Han som vitnar dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus!

21. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!