Logo
🔍

Romerbrevet 15 N78NN

«

1. Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve.

2. Kvar og ein av oss skal tenkja på nesten og gjera det som er til gagn for han, og som tener til oppbygging.

3. For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv; han oppfylte det som står skrive: Spottorda frå dei ¬som spotta deg, har falle på meg.

4. Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

5. Måtte Gud sjølv, han som gjev tolmod og trøyst, gjera dykk samlyndte etter Kristi Jesu vilje.

6. Då kan de samhuga og med ei røyst prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.

7. Difor skal de ta imot kvarandre, liksom Kristus tok imot oss, til Guds ære.

8. Eg seier dykk at Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at det Gud har sagt, er sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk.

9. Men dei andre folka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg lova deg ¬mellom folka og prisa ditt namn.

10. Og ein annan stad heiter det: Gled dykk, de folkeslag, ¬saman med hans folk!

11. Og endå ein annan stad: Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle ætter!

12. Og Jesaja seier: Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg ¬og rår over folka, til han skal folkeslaga ¬setja si von.

Tenesta til Paulus og planane hans

13. Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.

14. Eg har den tru om dykk, mine brør, at de er fylte av godleik, og at de har kunnskap nok, så de jamvel kan rettleia kvarandre.

15. Likevel har eg her og der skrive heller djervt for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:

16. at eg skal vera Kristi Jesu prest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud, helga ved Den Heilage Ande.

17. I Kristus Jesus kan eg prisa meg lukkeleg fordi eg har denne tenesta for Gud.

18. Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort ved meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,

19. ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg då fullført forkynninga av Kristi evangelium, frå Jerusalem og rundt ikring heilt til Illyria.

20. Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,

21. men som skrive står: Dei som ikkje har fått ¬bodskapen om han, ¬skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, ¬skal skjøna.

22. Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.

23. Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk

24. og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg fer framom, og at de hjelper meg med det eg treng til ferda dit, når eg fyrst har fått gledt meg ei stund i samværet med dykk.

25. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der.

26. Kyrkjelydane i Makedonia og Akaia har sett seg føre å samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.

27. Det vil dei gjerne gjera, og står då òg i skuld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med timelege gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.

28. Når eg har fullført dette, og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, vil eg fara til Spania, og då legg eg vegen om dykk.

29. Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.

30. Eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik som Anden gjev: Strid saman med meg i bøn til Gud for meg.

31. Bed om at eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg har med.

32. Då kan eg, om Gud så vil, koma til dykk med glede, og få kvila ut saman med dykk.

33. Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.

»