Logo
🔍

Romerbrevet 3 N78NN

«

1. Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?

2. Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.

3. Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje?

4. Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak.

5. Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss?

6. Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda?

7. Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar?

Alle har skuld

8. Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.

9. Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,

10. som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste.

11. Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud.

12. Alle er komne på avveg, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste.

13. Strupen deira er ¬som ei open grav, falske ord ligg dei på tunga, under lippene har dei ormegift,

14. i munnen forbanning ¬og harde ord.

15. Dei er lette på foten ¬når dei vil renna ut blod,

16. øydelegging og armod ¬fylgjer i deira fotefar.

17. Freds veg kjenner dei ikkje,

18. og age for Gud ¬veit dei ikkje av.

19. Vi veit at alt det som lova seier, gjeld dei som har lova, så kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig for Gud.

Rettferd ved trua

20. Ingen vert rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev; lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.

21. Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane.

22. Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad,

23. for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom.

24. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.

25. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde.

26. Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus.

27. Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.

28. For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar.

29. Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg,

30. så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru.

31. Gjer vi då lova om inkje med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

»