Logo
🔍

Salomos Høysangen 1 N78NN

Lengt etter kjærleik

1. Salomos høgsong.

2. Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin.

3. Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar; ein angande salve ¬er ditt namn, difor held møyane av deg.

Svart, men ven

4. Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg ¬inn i sin kove. Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg og prisa din kjærleik ¬meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg.

5. Svart er eg, men ven, de Jerusalems møyar, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjelddukar.

Kvar gjæter du di hjord?

6. Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene åt mor mi ¬harmast på meg, dei sette meg ¬til å vakta vingardane. Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.

7. «Sei meg, ¬du som eg har så kjær, kvar gjæter du di hjord? Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid? Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør der venene dine ¬gjæter si hjord?»

Kor fager du er, min hugnad!

8. «Veit du det ikkje, du fagraste av kvinner, så fylg berre faret etter flokken, og lat dine kje få beita innmed hyrdingbuene!»

9. «Med folane for faraos vogner vil eg likna deg, min hugnad.

10. Vene er dine kinn, ¬prydde med band, og din hals med perler.

11. Lekkjer av gull skal vi laga deg og med sølvperler på.»

12. Ljuvleg angar ¬min nardussalve så lenge kongen er med i laget.

13. Min ven er lik myrrabunten som kviler ved min barm.

14. Min ven ¬er som ein blømande kvist på hennabusken ¬i En-Gedis hagar.

15. «Kor fager du er, min ven, ja, fager med augo som duer!»

16. «Kor fager du er, min ven, kor yndefull du er! Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.

17. Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.»

»