Logo
🔍

Salomos Høysangen 3 N78NN

«

1. Om natta leita eg på lægjet etter han ¬som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.

2. «Eg vil opp ¬og gå ikring i byen og leita på gater og torg etter han som leikar ¬i min hug.» Eg leita, men fann han ikkje.

3. Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen: «Har de sett han ¬som leikar i min hug?»

4. Eg hadde ikkje før gått frå dei, så fann eg han ¬som leikar i min hug. Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkje før eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi, i koven åt ho som fødde meg.

Brudgomen kjem

5. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

6. Kva er det som stig opp ¬frå øydemarka som ei røyksøyle, omfløymd av angande myrra ¬og røykjelse og kræmarkrydder ¬av alle slag?

7. Sjå, det er Salomos berestol med seksti kjemper ikring av Israels djervaste menn.

8. Alle er væpna med sverd og vel røynde i strid. Kvar mann ber sverd ved lend til vern mot skræmsler i natta.

9. Kong Salomo laga ein berestol av tre frå Libanon.

10. Stengene gjorde han av sølv og ryggstøet av gull. Sessen er kledd med purpur og innsidene prydde med ler.

11. Kom ut, Jerusalems døtrer! Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer! Sjå krona som mor hans prydde han med ¬på bryllaupsdagen, hans hjartans glededag.

»