Logo
🔍

Salomos Høysangen 4 N78NN

« Alt hjå deg er fagert

1. Kor fager du er, ¬min hugnad! Kor fager du er! Dine augo attom sløret ¬er som duer. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter Gileads ¬fjell.

2. Dine tenner ¬er som nyklypte sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.

3. Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor, og yndefull er din munn. Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.

4. Din hals er som Davids-tårnet, bygt til våpenhus. Tusen skjold heng der inne, alle er skjold åt kjemper.

5. Din barm ¬er som to rådyrkalvar, som tvillingar åt ei hind, beitande mellom liljer.

6. Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, går eg til myrraåsen, til haugen der røykjelse angar.

Mi syster, mi brur

7. Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad. Det finst ikkje lyte på deg.

8. Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur, kom med meg frå Libanon! Stig ned frå Amanas tind, frå toppen av Senir ¬og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell.

9. Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur. Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast, med ei av lekkjene om din hals.

10. Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam.

11. Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur. Honning og mjølk ¬er under di tunge. Angen av kleda dine er som angen på Libanon.

12. Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur, ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.

13. Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar med den gildaste frukt, av hennabuskar ¬og nardusplanter,

14. nardus, krokus, kalmus ¬og kanel og angande tre av alle slag, myrra, aloë ¬og alle slag balsam.

15. Du er som kjelda i ein hage, ei oppkome ¬med sildrande vatn, som bekker frå Libanon.

16. «Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma ¬til sin hage og eta hans herlege frukt!»

»