Logo
🔍

Salomos Høysangen 7 N78NN

«

1. Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor, du gjæve hovdingdotter! Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje, smidd av kunstnarhand.

2. Fanget ditt ¬er som runde staupet, gjev det aldri må vanta vin! Magen er som ein kveitehaug med liljer ikring.

3. Barmen er som to rådyrkalvar, tvillingar til ei hind.

4. Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn, augo som Hesjbons tjørner ved Bat-Rabbim-porten. Nasen liknar Libanon-tårnet som skodar ut mot Damaskus.

5. Hovudet ris som Karmel, hårflaumen er som purpur. Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.

6. Kor fager, kor yndefull du er, du mi kjære, du min hugnad!

7. Rakvaksen er du som palma, som druer er din barm.

8. Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma, i greinene vil eg ta tak. Som druer på vintreet ¬vere din barm, din ande som angen av eple,

Kom, min ven!

9. din munn som den finaste vin. «Lat han kveikja munnen ¬på min ven, lat han gli over lipper ¬og tenner!»

10. Eg høyrer venen min til, og til meg står heile hans trå.

11. Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene! Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.

12. I otta går vi til vingardane og ser om vintreet ¬har sett nye skot, om blomeknuppane ¬har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik.

13. Kjærleiksepla angar. Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter av alle slag, nye og gamle. Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.

»