Logo
🔍

Salomos Høysangen 8 N78NN

« Gjev du var min bror!

1. Å, gjev du var min bror, gjev du hadde soge brystet ¬åt mor mi! Då skulle eg kyssa deg når vi møttest der ute, og ingen vanvørde meg for det.

2. Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi, inn i koven åt ho ¬som fødde meg. Eg skjenkte deg kryddevin og saft av granatepla mine.

3. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud, med den høgre ¬femner han meg.

Kjærleiken er sterk som døden

4. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer: Kvi vekkjer de kjærleiken, kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil?

5. Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka, stødd til sin ven? Under apalen vekte eg deg, der mor di hadde føderier, der ho fødde deg.

6. Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken ¬er sterk som døden og mektig som dødsriket ¬i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen.

Kva skal vi gjera med syster vår?

7. Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr.

8. «Vi har ei lita syster, som enno ikkje har bryst. Kva skal vi gjera ¬med syster vår når friarane kjem?

9. Er ho ein mur, vil vi byggja tindar av sølv på han. Er ho ei dør, ¬vil vi stengja henne med ein sederplanke.»

Eg har min eigen vingard

10. Eg er ein mur, og mine bryst er som tårn. I augo hans har eg vorte lik ei som finn fred.

11. Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon. Den gav han til vaktmenn, og kvar skulle gje han tusen sekel sølv for frukta.

Lat meg få høyra di røyst!

12. Eg har min eigen vingard. Dei tusen sekel er dine, Salomo, to hundre er til dei ¬som vaktar frukta.

13. «Du møy som held til i hagane, venene lyder på deg. Lat meg få høyra di røyst!»

14. «Skunda deg, min ven, fly som gasellen ¬og den unge hjort over balsam-angande fjell!»