Logo
🔍

Profeten Sakarja 10 N11NN

« Tomme ord og falske syn

1. Be Herren om regn i tida for vårregnet. Herren skaper uvêrsskyer, gjev menneska regnskurer og vokstrar på marka.

Israel skal samlast att

2. For terafane har tala tomme ord, spåmennene har hatt falske syn og fortalt draumar utan innhald. Trøysta dei gav, var ingenting verd. Difor måtte dei driva omkring som sauer og lida naud, for dei var utan gjetar.

3. Mot gjetarane logar harmen min, og bukkane vil eg straffa. Men Herren over hærskarane vil sjå til flokken sin, Judas hus, og gjera dei til sin stolte stridshest.

4. Derifrå kjem hjørnesteinen, derifrå kjem teltpluggen, derifrå kjem stridsbogen, derifrå skal kvar herskar koma.

5. Dei skal likna heltar i striden, trampa fienden ned som søle i gata. Dei skal føra krig, for Herren er med dei. Ryttarane skal bli til skamme.

6. Eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus bergar eg. Eg fører dei tilbake, for eg viser dei miskunn. Det skal vera som om eg aldri hadde støytt dei bort, for eg er Herren deira Gud, eg skal svara dei.

7. Dei skal vera som heltar frå Efraim, hjartet deira skal gleda seg som av vin. Borna skal sjå det og gleda seg og hjarta deira jubla i Herren.

8. Eg plystrar på dei og samlar dei, for eg friar dei ut. Dei skal bli mange, slik dei ein gong var.

9. Sår eg dei ut mellom folka, skal dei minnast meg langt borte. Dei skal leva saman med borna sine og koma tilbake.

10. Eg skal føra dei heim att frå Egypt, og frå Assur skal eg samla dei. Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon, men det finst ikkje nok plass til dei.

11. Han skal kryssa det opprørte havet og slå bølgjene ned. Alle djupa i Nilen skal tørkast ut. Det Assur er stolt av, skal støytast ned, septeret skal vika frå Egypt.

12. Eg vil gjera dei sterke i Herren, og dei skal ferdast i hans namn, seier Herren.

»