Logo
🔍

Profeten Sakarja 10 N78NN

« Herren har makt, ikkje avgudane

1. Bed Herren om regn når tida for vårregnet ¬er komen. Det er Herren ¬som skaper uversskyer og gjev menneska regnskurer, så dei får vokstrar på marka.

Israel skal samlast att

2. Husgudane tala berre lygn, spåmennene ¬hadde falske syner og fortalde svikefulle draumar; trøysta dei gav, ¬var ingenting verd. Difor laut folket fara av stad og lida vondt som sauer, fordi dei ikkje hadde hyrding.

3. Mot hyrdingane ¬logar min vreide, og bukkane vil eg krevja ¬til rekneskap. Men Herren, Allhærs Gud, vil sjå til Juda-ætta, ¬som er hans flokk. Han gjer henne ¬til sin stolte stridshest.

4. Frå henne skal hjørnestein ¬og teltplugg koma, frå henne ¬skal stridsboge koma, frå henne ¬skal kvar styresmann gå ut.

5. Dei skal vera ¬som kjemper i striden, som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar. Dei skal strida, ¬for Herren er med dei, medan hestfolka ¬skal verta til skammar.

6. Eg gjer Juda-ætta sterk, og Josefs-ætta gjev eg siger. Eg lèt dei atter busetja seg, for eg har medkjensle med dei. Ja, det skal gå dei som om eg aldri ¬hadde støytt dei bort, for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner.

7. Efraims menn ¬skal vera lik kjemper, dei skal vera glade som når ein drikk vin. Borna deira skal sjå det ¬med glede og hjarto deira fagna seg ¬i Herren.

8. Eg vil plystra på dei ¬og samla dei, for eg har fria dei ut. Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var.

9. Sår eg dei ut mellom folka, vil dei minnast meg ¬i land langt borte. Dei skal leva saman ¬med borna sine og koma attende.

10. Eg vil føra dei heim att ¬frå Egypt, og frå Assyria ¬skal eg samla dei. Eg lèt dei koma ¬til Gilead og Libanon; men det vert ikkje rom nok ¬åt dei.

11. Han skal dra fram ¬gjennom det trugande havet og slå ned bylgjene der. Alle djupa i Nilen ¬skal turkast ut. Det Assur er stolt av, ¬skal støytast ned, kongsstaven skal vika ¬frå Egypt.

12. Eg vil gjera dei sterke i Herren, og dei skal ferdast ¬i hans namn, lyder ordet frå Herren.

»