Logo
🔍

Profeten Sakarja 2 N11NN

« Andre syn: horna og smedane

1. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – fire horn.

2. Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Han svara: «Dette er dei horna som har spreidd Juda, Israel og Jerusalem.»

3. Så viste Herren meg fire smedar.

Tredje syn: målesnora

4. Då spurde eg: «Kva er det dei kjem for å gjera?» Han svara: «Dette er horna som spreidde Juda så ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne for å setja skrekk i dei; dei skal slå til jorda horna på dei folkeslaga som lyfte horn mot Juda og spreidde det.»

5. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann med målesnor i handa.

6. Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7. Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8. og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der: Jerusalem skal liggja utan murar, så mykje folk og buskap skal det vera i byen.

Herren kallar på dei bortførte

9. Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen, seier Herren, eg skal visa min herlegdom der inne.

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord! seier Herren. Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar, seier Herren.

11. Ve deg, Sion, berg deg, du som bur hos dotter Babel!

12. For så seier Herren over hærskarane, den herlege, etter at han sende meg til folkeslaga som plyndra dykk: Den som rører dykk, rører ved min augnestein.

13. For sjå, eg lyfter handa mot dei, og dei blir til bytte for slavane sine. Då skal de kjenna at Herren over hærskarane har sendt meg.

14. Fryd deg, ver glad, dotter Sion! For sjå, eg kjem og tek bustad hos deg, seier Herren.

15. Mange folkeslag skal slutta seg til Herren den dagen. Dei skal vera mitt folk, og eg skal ta bustad hos deg. Då skal du kjenna at Herren over hærskarane har sendt meg til deg.

16. Herren skal ta Juda i arv som sin eigedom på heilag jord og velja ut Jerusalem endå ein gong.

17. Ver still for Herren, alt som lever! For han tek ut frå sin heilage bustad.

»