Logo
🔍

Profeten Sakarja 2 N78NN

« Horna og smedane

1. Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn.

2. Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»

3. Så lét Herren meg sjå fire smedar.

Mannen med mælesnora

4. Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

5. Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.

6. Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7. Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8. og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der: Jerusalem skal liggja ¬utan murar, så mykje folk og buskap ¬skal det vera der.

9. Sjølv skal eg vera ¬ein eldmur kring byen, lyder ordet frå Herren, og midt i han ¬vil eg syna min herlegdom.

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord! lyder ordet frå Herren. Eg har spreitt dykk ¬for heimsens fire vindar, lyder ordet frå Herren.

11. Ve deg, Sion, ¬som bur hjå Babels dotter! Berg deg unna!

12. For så seier Herren, ¬Allhærs Gud, den herlege, ¬som har sendt meg, om dei folka ¬som plyndra dykk: Den som rører dykk, rører ved min augnestein.

13. For sjå, eg lyfter handa mot dei, og dei vert til hærfang for dei som no er trælane deira. Då skal de sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg.

14. Gled deg storleg, Sions dotter! For sjå, eg kjem ¬og tek bustad hjå deg, lyder ordet frå Herren.

15. Den dagen ¬skal mange folkeslag gje seg til Herren. Dei skal verta mitt folk, og eg vil bu hjå deg. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til deg.

16. Herren skal ta Juda i eige som sin arvelut på heilag jord og endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.

17. Ver still for Herren, ¬kvar levande skapning! For han har teke ut ¬frå sin heilage bustad.

»