Logo
🔍

Profeten Sakarja 5 N11NN

« Sjette syn: bokrullen

1. Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – ein flygande bokrull.

2. Engelen spurde: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull, tjue alner lang og ti alner brei.»

3. Han sa: «Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Enno har ikkje dei som stel, fått straff etter forbanninga, og heller ikkje dei som sver.

Sjuande syn: kvinna i efa-målet

4. No sender eg henne ut, seier Herren over hærskarane. Ho skal koma inn i huset til den som stel, og inn i huset til den som sver falskt ved mitt namn. Ho skal slå seg til i huset og øydeleggja det, både treverk og stein.»

5. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no auga og sjå kva som kjem.»

6. Eg spurde: «Kva er dette?» Han svara: «Det er efa-målet som nærmar seg.» Så sa han: «Dette er all skulda i landet.»

7. Og sjå, blyloket lyfte seg, og det sat ei kvinne i efaen!

8. «Dette er lovløysa», sa han. Så kasta han henne ned att i efaen og la blysteinen over opninga.

9. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – to kvinner nærma seg. Vinden fylte vengene deira, dei hadde venger som storken. Dei lyfte efaen opp mellom jord og himmel.

10. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar fer dei med efa-målet?»

11. Han svara: «Dei skal byggja eit hus til henne i Sinear-landet. Når det er ferdig, skal ho stillast opp der på sokkel.»

»