Profeten Sakarja 5 N78NN
1. Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull.
2. Engelen spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull som er tjue alner lang og ti alner brei.»
3. Så sa han til meg: Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Frå no av skal kvar tjuv rydjast ut etter det som står i bokrullen, og kvar den som sver, skal frå no av rydjast ut etter det som står der.
Kvinna i efa-målet4. Eg sender ut forbanninga, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Ho skal koma inn i huset ¬til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ¬ved mitt namn, og ho skal slå seg til ¬i huset deira og øydeleggja det, ¬både treverk og stein.
5. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»
6. Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»
7. Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.
8. «Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.
9. Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.
10. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»
11. Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»