Logo
🔍

Profeten Sakarja 9 N78NN

« Guds ord har makt

1. Eit domsord. Herrens ord er i Hadrak-landet, og i Damaskus slår det seg ned, – for menneska vender augo ¬mot Herren liksom alle Israels ætter –

2. ja, i Hamat òg ¬som grensar til det, og i Tyrus og Sidon, ¬der dei er så vise.

3. Tyrus bygde seg ¬festningsverk, hauga opp sølv som mold og reint gull som avfall i gata.

4. Sjå, Herren vil ta byen og styrta festningsverka ¬i havet; byen skal øydast i eld.

5. Asjkalon skal sjå det og ottast, Gasa skal skjelva i angst, like eins Ekron, fordi hennar von ¬har vorte til skammar. Gasa skal missa sin konge og Asjkalon sine innbyggjarar,

6. i Asjdod skal det bu ¬eit blandingsfolk. Eg vil gjera ende på høgmodet ¬åt filistarane;

7. eg vil ta blodet ¬or munnen deira og styggedomen bort ¬frå tennene deira. Men dei som vert att, skal høyra vår Gud til og vera som hovdingar i Juda; Ekron skal vera ¬som jebusittane.

Fredskongen på Sion

8. Eg vil slå vakt om huset mitt til vern mot dei ¬som kjem og går. Aldri meir ¬skal nokon valdsherre fara fram imot dei. For no har eg sett det ¬med eigne augo.

9. Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, ¬og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen.

Herren skal strida for folket sitt

10. Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraim og hestane i Jerusalem, og stridsbogen ¬skal brytast sund. Han skal skapa fred for folka, hans velde skal nå ¬frå hav til hav, frå Eufrat til heimsens endar.

11. Ja, for ditt paktblod skuld vil eg fria dine fangar ¬ut or brunnen som det ikkje finst vatn i.

12. «Vend heim til borga, de fangar som har von!» I dag forkynner eg: «Eg vil gje deg dobbelt att.»

13. For eg spenner Juda ¬som ein boge og legg Efraim på som pil. Eg eggjar dine søner, Sion, mot dine søner, Javan, og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.

14. Herren skal openberra seg ¬over dei, hans pil fara ut som eit lyn. Herren Gud ¬skal la hornet gjalla og fara fram i storm frå sør.

15. Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei. Dei skal eta, og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar, dei skal drikka og bråka som om dei var drukne av vin; både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.

16. Den dagen skal Herren ¬deira Gud berga folket sitt ¬som ein saueflokk. Som steinar i eit diadem skal dei glitra i landet hans.

17. Ja, kor godt og fagert det er! Kornet får gutane til å trivast og vinen jentene til å bløma.

»