Logo
🔍

Profeten Sefanja 3 N11NN

« Jerusalems synd og straff

1. Ve den trassige, tilsølte byen, ho som undertrykkjer!

2. Ho lyder ingen, tek ikkje imot formaning, lit ikkje på Herren, held seg ikkje nær til sin Gud.

3. Hos henne er fyrstane som brølande løver, dommarane som ulvar om natta, dei sparer ingenting til det blir morgon.

4. Profetane er skrytande, trulause menn, prestane krenkjer det som er heilagt, dei gjer vald mot lova.

5. Herren rår med rettferd der, han gjer ikkje urett. Kvar morgon feller han sin dom, den manglar ikkje når dagen gryr. Men den som gjer urett, kjenner ikkje skam.

6. Eg har utrydda folkeslag, borgtårna deira ligg i grus. Eg har lagt gatene aude, ingen ferdast på dei. Byane deira er herja og folketomme, ingen bur der lenger.

7. Eg sa: «Berre du ville frykta meg og ta imot formaning!» Då vart ikkje bustadene utrydda, all mi straff skulle ikkje råka byen. Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg, med alt dei gjorde.

Frelse for Israels rest

8. Difor, vent på meg, seier Herren, til den dagen eg står fram som vitne. For det er min rett å samla folkeslag og føra kongerike saman for å ausa ut harmen min over dei, all min brennande vreide. For i elden frå min lidenskap skal heile jorda øydast.

9. Då vil eg atter gje folka eit reint tungemål så dei alle kan kalla på Herrens namn og tena han skulder ved skulder.

10. Frå landet bortanfor elvane i Kusj skal dotter mi, mitt spreidde folk som tilbed meg, koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje skamma deg over alle ugjerningane du gjorde mot meg. For då tek eg skrythalsane bort frå deg. Du skal ikkje meir vera stolt på mitt heilage fjell.

12. Eg lèt det bli att hos deg eit audmjukt og fattig folk. Dei skal ta si tilflukt til Herrens namn.

13. Dei som er att av Israel, gjer ingen urett og talar ikkje løgn, ingen svikefull tale finst i deira munn. Når dei går på beite, kviler dei trygt, ingen skremmer dei.

14. Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av fryd, Israel! Gled deg, dotter Jerusalem, jubla av heile ditt hjarte!

15. Herren har fria deg frå dommen, drive fiendane dine bort. Herren, Israels konge, er hos deg, du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.

16. Den dagen skal dei seia til Jerusalem: Sion, ver ikkje redd! Lat ikkje hendene siga!

17. Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelser. Han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd

18. som på ein høgtidsdag. Eg friar deg frå den dagen du måtte tola spott.

19. Sjå, på den tida grip eg inn mot alle dei som plagar deg, eg bergar dei haltande, og dei bortdrivne samlar eg. Eg gjev dei eit godt namn og rykte i alle land der dei hadde vorte til skamme.

20. På den tida fører eg dykk, då samlar eg dykk. For eg vil gje dykk eit godt namn og rykte mellom alle folk på jorda når eg for auga på dykk vender dykkar lagnad, seier Herren.