Logo
🔍

Profeten Sefanja 3 N78NN

« Jerusalems synd og straff

1. Ve den trassige ¬og ureine byen, som er så full av vald!

2. Han høyrer ikkje ¬på Herrens røyst og tek ikkje imot tukt. Han set ikkje si lit til Herren og held seg ikkje nær ¬til sin Gud.

3. Hovdingane i byen ¬er som brølande løver, og domarane som steppeulvar; dei sparer ingenting ¬til morgondagen.

4. Profetane er skrytande, ¬trulause menn, prestane krenkjer ¬det som er heilagt, og gjer vald mot lova.

5. Herren rår med rettferd der, han gjer ikkje urett. Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom, den kjem like visst som ljoset. Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.

6. Eg har øydt ut folkeslag, deira borgtårn ligg i grus. Eg har gjort deira gater aude, så ingen ferdast på dei. Byane deira er herja ¬og folketome, ingen bur der lenger.

7. Eg sa: ¬«Berre du ville ottast meg og ta imot lærdom!» Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagde og mi straff ¬aldri koma over han. Men dei synda seint og tidleg og gjorde berre vondt.

Frelse for Israels rest

8. Difor, venta på meg, lyder ordet frå Herren, til eg står fram ¬som vitne mot dei. For det er min rett å samla folk og føra saman kongerike og renna ut min harme over dei, all min brennande vreide. For i min brennhug skal eg øyda heile jorda.

9. Då vil eg skapa folka om og gje dei reine lipper, så dei alle kallar på Herren og samlyndte tener han.

10. Frå landet bortanfor elvane ¬i Nubia skal mitt spreidde folk ¬som tilbed meg, koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje ¬skjemmast lenger over alle brotsverk ¬du gjorde mot meg. For då tek eg bort ifrå deg dei som jublar i hovmod. Du skal ikkje meir vera stor ¬og stolt her på mitt heilage fjell.

12. Eg leiver i deg eit armt og audmjukt folk. Dei skal setja si lit ¬til Herrens namn,

13. dei som er att av Israel. Dei gjer ingen urett meir og talar ikkje lygn. Det finst ingen svikefull tale ¬i deira munn. Dei går på beite og kviler trygt, det er ingen som skræmer dei.

14. Set i og jubla, Sions dotter! Rop av fryd, Israel! Gled deg, Jerusalems dotter, og jubla av heile ditt hjarta!

15. Herren har fria deg ¬frå straffedomen og teke bort dine fiendar. Herren, Israels konge, ¬er hjå deg, du skal ikkje lenger vera redd ¬noko vondt.

16. Den dagen skal dei seia ¬til Jerusalem: Ver ikkje redd, Sion! Lat ikkje hendene siga!

17. Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg ¬over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd,

18. som på ein høgtidsdag. Eg friar deg frå den dagen då du må tola spott.

19. Sjå, på den tid gjer eg ende på alle dei som plaga deg. Då bergar eg dei haltande og fører saman dei bortdrivne. Eg gjev dei ære og ros ¬over heile jorda, der dei før var vanæra.

20. På den tid fører eg dykk heim, då samlar eg dykk. For eg vil gje dykk ære og ros mellom alle folk på jorda, når eg beint framfor augo ¬på dykk vender dykkar lagnad, seier Herren.